Foredrag

Foto: Sebastian Jazdzewski

www.kollektivet.no skriv Kollektivet-skapar Torbjørn Lien:

 

"Først ut var Øystein Runde. Mannen med en drøss utgivelser på samvittigheten, med alt fra hans legendariske serie Margarin (skrevet av Kristopher Schau), den nynorske superhelten Bjartmann, til vikingeserien Sleggja. Øystein er flink å prate, full av energi (muligens fordi han spiser mye brokkoli – etter eget utsagn), og hadde et morsomt foredrag om arbeidet sitt."

 

På Sandnes bibliotek sin blogg skriv bibliotekar Sebastian Jazdzewski:

 

"Etter å ha sett hvor flink Øystein var til å formidle denne interessante sjangeren og hvor ivrig han anbefalte forskjellige serier til publikum, må man konstatere at han hadde gjort en kjempekarriere på hvilket som helst norsk bibliotek!"

SPØRSMÅL OG SVAR

 

 

Q. Korleis ser foredraga dine ut?

 

A. Dei er stort sett gøyale, i følge dei mange skulane og konferansene som har hatt besøk av meg. Eg er glad i å stå på scena, og likar å halde publikum engasjert og involvert. Eg har tre foredrag:

 

5000 ÅR PÅ 50 MINUTT.

Eit forrykande lysbildeshow om teikneseriens historie, som går frå det gamle Babylon og fram til mine eigne seriar. Slik får eg vist fram korleis eg har blitt inspirert av både amerikanske, japanske, franske og gamle norrøne tradisjonar, og korleis desse tradisjonane igjen bygger på endå eldre historiefortelling. Før alfabetet var skarpt definert, var tekst og teikneseriar eitt og det same, som i egyptiske hieroglyfar. Rikt bildemateriale, morsomme og rare anekdoter frå historiske kilder. Fungerer både for barn og voksne.

 

TRETTEN MÅTAR Å REDDE JORDA

Lysbildeshow basert på professor Jørgen Randers og Graeme Maxton si bok "Reinventing Prosperity", som eg illustrerte. Eg forklarer etter beste evne kva boka foreslår, og korleis vi kan få bedre livskvalitet enn i dag og samtidig kutte ned på karbonutsleppa. Kan vere avansert, men fungerer for ungdom og voksne.

 

STAMCELLER

Eit lysbildeshow med live tegning og dokketeater (om teknisk mulig) basert på faktaboka STAMCELLER. Eg snakkar om korleis stamceller kan brukast medisinsk til å reparere alvorlige skader, korleis DNA fungerer, og korleis ein norsk tannkirurg fekk til eit internasjonalt gjennombrudd med stamcellebehandling som kan reparere skjelettet. Foredraget er laga for barn, men har ein tendens til å vere like bra for voksne.

 

 

Q. Kva kostar foredraga dine?

 

A. Eg følger Norsk Forfattersentrum sine satsar.

 

 

Q. Har du tegneseriekurs også?

 

A. Eg har hatt to-tre veker lange kurs i å lage komplette, korte seriar på Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg. Dette var kunststudentar på eit veldig høgt nivå, og resultatet var deretter. Tegneseriekurs.com har intervjua meg om det her.