stamceller

Faktaboka STAMCELLER kom i 2017, i samarbeid med Cecilie Gudveig Gjerde, stamcelleforskar, tannkirurg og vinnar av Forskning Grand Prix.

 

Vi gjorde det veldig fint, og Dagbladet gjorde boka til "ukens anbefaling", "ukens anbefalte faktabok" og ga oss terningkast fem og omtalen "gjør ungen din smartere enn deg selv."

 

I boka skreiv eg om Cecilie Gjerde og Kamal Mustafa (og dei andre forskarane på Odontologisk Fakultet i Bergen) sitt eksperiment med å 3d-printe litt av beinet til ein minigris. Dette eksperimentet gikk bra: Grisen sin fot grodde fint. Men den ANDRE foten, den som ikkje var operert på, viste teikn til å ha fått ein brest.

 

Kva kan ha skjedd? Cecilie seier at det kan ha vore tilfeldig. Når du har så få forsøksdyr å eksperimentere på, kan ei slik tilfeldighet virke veldig viktig utan å vere det.

 

Men det kan også vere andre forklaringar på at den inn-opererte 3d-printa framfoten var frisk medan den u-opererte framfoten fikk ein brest. Kanskje det kunstige beinet var hardare eller stivare enn det naturlige, slik at det naturlige fikk meir juling når grisen hoppa omkring.

 

Det veit vi ikkje enno. Det må fleire forsøk til.

 

Sånn er det ofte. Ein må finne ut litt, og så får ein eit halvt svar og to nye spørsmål. Det er egentlig heilt fint. Eit halvt svar er ganske mykje meir enn ingen.

 

Eg må også nevne at vi fikk eit fanbrev frå 6 år gamle Mika, som syntest det var litt trist at stamcellene som blei til tarmceller ikkje kunne gå tilbake til å bli stamceller igjen. Då kan vi berolige deg, Mika, med at både Yamanaka sitt retrovirus og andre typar hjelpsomme virus, som det snille Sendai-viruset, kan byggast om slik at dei kan gjere ferdig utvikla celler til unge og søte stamceller igjen.

 

Det betyr at om tarmcella berre kjem seg ut av tarmen, inn i ein bil, over i eit fly, ut av flyet, inn i ein buss og så inn i laboratoriet til ein forskar som Gareth Sullivan (i Oslo) eller Shinya Yamanaka (i Japan) ... så kan den bli fri frå bæsjeflytting-jobben sin, nede i tarmane.

 

Men så klart, celler er veldig, veldig små. (Egentlig har dei ikkje bein heller.)

 

Så å kome seg ut av kroppen og deretter finne eit laboratorium i Oslo eller Japan ...

 

... det ville vere eit umåteleg stort eventyr.