Illustratør

Når eg er illustratør for andre er det på grunn av følgande motiv:

 

Eg vil ha pengar,

 

eller

 

eg vil hjelpe dei eg jobbar for opp og fram, fordi dei er fantastiske og eg beundrar dei intenst.

 

Aller helst likar eg å kombinere dette. Som når eg teiknar for proffe og smarte folk som Wilhelm Joys Andersen (www.wja.no) og Jørgen Randers (eks-rektor på BI, eks sjef i lavutslippsutvalget, professor, medforfattar av Limits to Growth frå 1974).

 

Når eg illustrerte oljeplattform-sikkerhet for SeaDrill var det kanskje ikkje utfrå ei stort behov for å hjelpe oljebransjen, men det er jo flott at sikkerheta blir ivaretatt. Og vi er jo alle glade i oljebransjen sin effekt på Noreg.

 

Eg har jobba med folk som: Kristopher Schau, Ruben Eliassen, prof Jørgen Randers, SeaDrill, Le Monde Diplomatique, Speider'n, Dagbladet, Fat Fred & the Possumhunters, Farmen, eit reklamebyrå eg har fortrengt, Nemi-bladet, Rocky-bladet, Wja, Hovefestivalen, ein filmproduksjon i Noreg og ein i Polen, eit kor, ein veterinær, og Bellona.