Forfattar

Som alle andre forfattarar blir også eg glad av suss frå Terje Thorsen på Tronsmo bokhandel. Foto: Målfrid Sand.

SKRIVING

 

 

Eg skal liksom vere teiknar, men (nesten) kvar gong eg skriv for andre, vinn bøkene Kirke- og Kulturdepartementets pris for beste serieroman.

 

Det skjedde med De Fire Store, og det skjedde med Futen.

 

Eg bør kanskje ta hintet.

 

Kanskje eg berre blir for nonchalant når eg skal teikne mine eigne manus. Eller Knut Solberg og Geir Moen er betre enn meg til å teikne. Eg likar uansett å teikne sjølv, på dei mest personlege prosjekta føler eg at eg må.

 

Eg har også lagt merke til at teikneseriar er rart og dumt for ein del folk. Difor har eg utvikla ein type teikneseriar som heilt manglar teikningar, og publistert dei i Dagbladet og diverse andre stader. Denne nye, revolusjonerande typen teikneserie skaper teikningane inne i hovudet på lesaren. Eg kallar dei "kronikkar".

 

Her er eit utvalg av kronikkar eg har laga for Dagbladet.

 

Politikk:

 

Nei helvete, tid for å oute seg sjølv som feminist

 

Hyllest til menskoppen

 

Caps Lock-demokratiet

 

Kultur:

 

Knausgårdgate: Ei konkurranse i å vere ærlegast

 

Eega - sørindisk actionmeisterverk

 

Det er ikkje så dumt, dette med teikneseriar utan bilete.